Sign in to auto-apply
Job Description
Øygarden kommune har skilt ut alle tenester knytte til vatn, avløp og renovasjon i eit eige aksjeselskap, ØyVAR AS. ØyVAR betener nær 40 000 innbyggjarar og står stadig overfor spennande utfordringar innan VAR-sektoren. ØyVAR har fleire nye utbyggingsprosjekt som skal gjennomførast, og vi ønskjer å styrkje utbyggingsavdelinga med ein driftig medarbeidar.
Vi søkjer ein engasjert og påliteleg medarbeidar til ei mellombels stilling som kontrollingeniør. Stillinga er 100 % fram til juni 2028 og rapporterer til fagsjef utbygging.
Som kontrollingeniør vil du bidra til å sikre at kvaliteten på nye vass- og avløpsleidningar blir ivareteken på ein forsvarleg måte og i samsvar med gjevne vedtak. Arbeidet omfattar stadleg kontroll, dokumentasjon og FDV-arbeid i samband med etablering av nye leidningar. Det kan òg vere aktuelt å delta i arbeidet med lekkasjereduksjon på eksisterande leidningsnett i periodar. Det må påreknast noko arbeid på kveld, natt og i helgar.
Arbeidsoppgåver
- Kontroll og oppfølging av VA-arbeid, avvikshandtering og sluttbefaringar
- Dokumentasjon og generell sakshandsaming
- Arbeid med lekkasjesøking
Requirements
- Du må ha minimum bachelorgrad i byggingeniørfag med studieretning innan prosjekt- og byggeleiing, teknisk samfunnsplanlegging eller tilsvarande.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- Du må ha gode ferdigheiter i bruk av digitale verktøy.
- Det er ønskjeleg med erfaring som kontrollingeniør innan VA-infrastruktur og erfaring med lekkasjesøking.
Skills
Experience
mid-level