Sign in to auto-apply
Job Description
Senior IT Developer
Me søkjer KI-utviklar. Har du kompetanse og erfaring med agentisk utvikling? Er du oppteken av teknologi og likar å finna ein god veg framover i eit teknologilandskap i endring? Brenn du for å levera gode løysingar i lag med andre?
Då kan du vera den me i Nordea Liv ser etter. Me satsar på utviklingsmiljøet vårt og søkjer no ein dyktig utviklar som kan vera med på å danna gode rammer rundt agentisk utvikling.
Om denne moglegheita
Me på teknologi følar oss midt i smørøyet på Nordea sin nye strategi fram mot 2030. Det skal satsast på Noreg, liv og pensjon, og tenestane våre skal vera fullintegrerte i banken sine flater. Samstundes er utviklingsfeltet i stor endring som følge av inntoget av agentiske utviklingsverktøy. Me trur dette vil endra måten me skal jobba med utvikling på, og ynskjer at du skal vera med å driva fram desse endringane i våre utviklingsteam.
Teknologistrategien vår baserer seg i stor grad på «API First». Utviklingsspråka våre er hovudsakleg Java og Kotlin. Våre front end-løysingar er skreve i Java-rammeverk, Angular eller HTMX og back end-løysingane våre er stort sett REST API eller Kafka-basert. I dag er det GitHub Copilot (CLI) som er det mest brukte KI-støtteverktøyet, men me er i prosess med å prøva ut Cursor og Claude.
Hjå oss vil du gå inn i eit av våre kryssfunksjonelle utviklingsteam som i hovudsak jobbar etter Scrum. I starten vil du ha eit ekstra ansvar for korleis me etablerer kontekst for agentar på tvers av team og system (context engineering). Du vil òg vera ein drivar for å få folk til å ta i bruke nye måtar å jobba på og etablera gode måtar å måla effekten av endringar i arbeidsprosessen på.
Me har ein hybrid arbeidsplass med hovudvekt på å møtast på kontoret i Bergen.
Kven er du
Me søkjer etter kollegaar som kjenner seg igjen i, og vert inspirert av, våre verdiar: mot, lidenskap, eigarskap og samarbeid.
Om du er den rette kandidaten trur me følgande kan beskriva deg:
- Nysgjerrig teknolog som er oppteken av å levera verdi til kundar
- Engasjert kollega som tør utfordra etablerte sanningar og rutinar
- God på kommunikasjon, som både kan setja retning og samarbeida godt på alle nivå
Requirements
- Relevant høgare utdanning innan IT.
- Erfaring med agentiske utviklingsverktøy og effektiv styring av agentar på tvers av team og system.
- Erfaring med smidige utviklingsmetodar.
- God munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk/skandinavisk og engelsk.
Skills
Experience
senior