Sign in to auto-apply
Job Description
Helsefagarbeidar i 100% fast stilling
Me søkjer etter ny kollega til Sveio omsorgssenter som helsefagarbeidar i 100% fast stilling. Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar dag. Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør.
Arbeidsoppgåver
- Tilrettelegge for god livskvalitet gjennom tilpassede aktiviteter, støtte til eigen meistring, omsorg og utvikling.
- Gi nødvendig helsehjelp og yte fagleg forsvarleg pleie i tråd med gjeldande lovverk og interne rutinar.
- Utføre dagleg og kvalitetsikra dokumentasjon i pasientjournalsystemet.
- Ha ansvar eller medansvar for legemiddelhandtering.
- Fremje pasientane si deltaking og bruk av eigne ressursar i ADL.
- Samarbeide godt med kollegaer og andre samarbeidspartnarar på tvers av tenestene.
- Bidra til trygt og respektfullt samarbeid med pårørande.
- Rettleie og støtte elevar, lærlingar og kollegaer i faglege spørsmål.
Vi tilbyr
- Etisk refleksjon i grupper og rom for faglege diskusjonar.
- Årsturnus med forutsigbar arbeidskvardag.
- Dyktige og engasjerte kollegaer i eit inkluderande arbeidsmiljø.
- Gode høve for fagleg og personleg utvikling.
- Faste sosiale arrangement og ein arbeidsplass med godt samhald.
- Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk, samt gode pensjons- og forsikringsordningar.
Requirements
- Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Du må ha gode norsk kunnskapar, både skriftleg og muntleg.
- Du må kunne leggje fram ein tilfredsstillande politiattest.
- Du må ha grunnleggande digitale ferdigheiter og erfaring med dokumentasjon i journalsystem.
Skills
HelsefagarbeidPasientoppfølgingLegemiddelhandteringDokumentasjon i journalsystemTverrfagleg samarbeidADL-oppfølging
Experience
entry-level