Sign in to auto-apply
Job Description
Helsesjukepleiar med moglegheit for fagansvar
Er du helsesjukepleiar og ønskjer å jobbe i ein liten kommune med stort engasjement for førebygging, tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid? I Samnanger kommune søkjer vi no etter ein trygg, engasjert og relasjonell helsesjukepleiar som ønskjer å bidra i arbeidet med å fremje god helse, meistring og livskvalitet for barn, unge og familiar.
Arbeidsoppgåver
- Helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn, unge og familiar.
- Oppfølging ved helsestasjon, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom.
- Råd, rettleiing og samtalar med barn, ungdom og føresette.
- Planlegging og gjennomføring av kurs, grupper og andre førebyggjande tiltak.
- Tverrfagleg samarbeid med barnehage, skule, fastlege, psykisk helse- og rustenesta, barnevern og andre samarbeidspartnarar.
- Deltaking i utviklingsarbeid og førebyggjande tiltak i kommunen.
- For rett kandidat kan det vere aktuelt med fagansvar knytt til fagutvikling, kvalitetssikring og internkontroll.
Requirements
- Du må vere offentleg godkjend sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar.
- Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar på minimum nivå B2.
- Du må inneha gyldig førarkort klasse B.
- Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
- Du må ha oppdatert fagkunnskap innan helsefremjande og førebyggjande arbeid.
Skills
HelsesjukepleieFørebyggjande helsearbeidTverrfagleg samarbeidRettleiingKvalitetsarbeidDigital kompetanse
Experience
mid-level