Autosøk
KRAFTMUSEET logo

Ledig 1-årig vikariat som rådgjevar bygg og anlegg

KRAFTMUSEET

Naustbakken 7, 5770 Tyssedal

Job Description

Kraftmuseet er eit kulturhistorisk museum som ligg i Ullensvang kommune i vakre Hardanger. Museet formidlar framveksten av industrisamfunnet på byrjinga av 1900-talet, med hovudvekt på vasskraft og smelteverksindustri. Det mest kjente bygget vi forvaltar er den freda kraftstasjonen Tysso I. Vi har ansvar for om lag 25 bygg og ulike publikumsarenaer i Tyssedal og Odda, samt veteranbåten M/Y Tysso.

Kraftmuseet har ledig 1-årig vikariat som rådgjevar bygg og anlegg frå 1. januar 2027. Vi søkjer etter ein dyktig, positiv, systematisk, allsidig og fleksibel person som vil ha ei nøkkelrolle i den byggtekniske drifta av museet. Rådgjevarstillinga vil bidra til eit høgt fagleg nivå på forvaltinga av museet sine materielle kulturminne innan svært ulike stilartar, og ulike materiale, som mur, metall og treverk.

Arbeidsoppgåver:

  • Prosjektering og byggjeleiing av store og små bygningstiltak
  • Dialog med vernemynde og deltaking i ulike nettverk
  • Arbeid med revisjon av internt planverk
  • Søknadsarbeid og rapportering
  • Fysisk oppfølging av oppgåver etter behov i avdelinga

Requirements

  • Du må ha utdanning som bygningsingeniør, arkitekt eller tilsvarande.
  • Du må ha god kjennskap til relevant norsk plan- og lovverk innan bygningsfeltet.
  • Du må ha ei grunnleggjande forståing av kulturminnefaglege problemstillingar innan bygningsvern.
  • Du må ha svært gode IKT-kunnskapar og kjennskap til prosjekteringsverktøy.
  • Du må inneha førarkort klasse B.

Skills

ByggjeleiingProsjekteringBygningsvernKulturminneforvaltningIKT-kompetanseNynorsk skriftleg og munnleg

Experience

mid-level

Similar Jobs