Sign in to auto-apply
Job Description
Helsefagarbeidar
Vi har ledige stillinga for engasjerte helsefagarbeidarar, er det deg? Luranetunet bu- og behandlingssenter ser på ulike måtar å organisere arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og ha rett kompetanse på rett plass. Vi treng deg som ønskjer å være med å vidareutvikle denne måten å jobbe på og ser moglegheiter framfor begrensingar.
Som tilsett på Luranetunet bu- og behandlingssenter vil du få moglegheit til å bli kjent med alle avdelingar. Dette skapar varierande arbeidskvardagar, brei erfaring og kunnskap innan mange ulike område. Du får jobbe tverrfagleg og blir godt kjent med alle yrkesgrupper og du må vera førebudd på å bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.
Kvifor jobbe ved Luranetunet
- Du vil få store variasjonar i arbeidsoppgåver og gode muligheter for å bygge kompetanse
- Luranetunet har eit lærande miljø med mange elevar, studentar og lærlingar
- Kommunen har gode vilkår for stønad til vidareutdanning
- Godt arbeidsmiljø med kollegaer som støttar kvarandre
- Gunstige pensjons- og forsikringsordningar
Om arbeidsplassen
Luranetunet bu- og behandlingssenter ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 175 plassar fordelt på 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Vi har både rehabilitering, behandling og avdelingar spesielt tilrettelagt for personar med demens.
Hos oss står bebuarane sine livshistorier og behov i sentrum – vi ser alltid personen bak sjukdommen. Vår visjon er «Varme og vekst i samspel», noko som speglar både omsorga for bebuarane, utviklingsmoglegheitene for dei tilsette og det gode miljøet i og rundt tropehagen vår på 1300 m².
Requirements
- Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar eller vere under utdanning som helsefagarbeidar.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må vere trygg, ansvarsfull og ha gode samarbeidsevner.
- Du må vere fleksibel med omsyn til arbeidsoppgåver og bidra positivt inn i arbeidsmiljøet.
- Politiattest må leggast fram før oppstart.
Skills
Experience
junior