Sign in to auto-apply
Job Description
Senioringeniør DevOps
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for informasjonsteknologi og -tenester har ledig fast stilling i 100 % som senioringeniør DevOps. Digital tenesteutvikling (ITDT) utviklar og forvaltar IT-løysingar til bruk i HVL, og tilpassar og integrerer eksternt leverte produkt.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Vidareutvikle HVL sitt rammeverk og metode for utvikling av eigne løysingar.
- Bidra til moderne utviklings- og leveranseprosessar, basert på DevOps-tankesett.
- Vere ein fagleg pådrivar innan moderne plattformteknologi og arbeidsmetodikk.
- Bidra innan arkitektur, sikkerheit, integrasjon og teknologival.
- Utvikle og forvalte hybride plattform- og infrastrukturløysingar på tvers av sky og lokale datasenter.
- Arbeide med automatisering, CI/CD og Infrastructure as Code.
- Utvikle og forvalte digitale tenester.
- Bidra til bruk av AI/KI-verktøy og nye teknologiar der dette gir verdi.
- Støtte prosjekt og fagmiljø med teknologisk rådgjeving.
- Bidra til koordinering og samarbeid på tvers av team.
Requirements
- Du har relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet på minst masternivå, eller bachelorutdanning med omfattande relevant realkompetanse.
- Du har dokumentert erfaring med Kubernetes, containere, mikrotjenestearkitektur og moderne køyretidsmiljø.
- Du har solid erfaring med DevOps, CI/CD, GitOps og automatisering.
- Du har erfaring med skyteknologi, hybride infrastrukturløysingar og Linux-drift.
- Du har gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i både norsk og engelsk.
Skills
DevOpsKubernetesCI/CDInfrastructure as CodeCloud technologyLinuxMikrotjenestearkitekturAI/KI-verktøy
Experience
senior
