Sign in to auto-apply
Job Description
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for informasjonsteknologi og -tenester har ledig fast stilling i 100 % som senioringeniør for IT infrastruktur. System og infrastruktur (ITSI) har ansvar for drift, forvalting og utvikling av HVLs felles digitale infrastruktur.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Som senioringeniør IT infrastruktur vil du vere ein sentral fagressurs innan nettverk, med ansvar for drift, vidareutvikling og sikkerheit. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
- Planlegging, implementering, drift og sikring av kabla og trådlaust nettverk
- Feilsøking og feilretting
- Sikkerheitsarbeid, inkludert handtering av sikkerheitshendingar (CSIRT) og utbetring av sårbarheiter
- Teknisk bistand ved anskaffingar og utforming av tekniske krav
Vi tilbyr:
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Varierte og interessante arbeidsoppgåver
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Høve for trening i arbeidstida
Requirements
- Relevant høgare utdanning på masternivå, eller bachelorutdanning kombinert med omfattande relevant realkompetanse.
- Solid erfaring med Cisco-nettverk og drift av nettverk i større organisasjonar.
- Erfaring med brukarsikkerheit og administrasjon av Microsoft-produkt som OneDrive og SharePoint.
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide systematisk og strukturert.
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Skills
CiscoNettverksdriftIT-sikkerheitMicrosoft 365SharePointOneDriveFeilsøking
Experience
senior
