Vil du jobbe helg på ein arbeidsplass med varme, vekst og fagleg utvikling?
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
Solstrandsvegen 39, 5200 Os
Sign in to auto-apply
Job Description
Vil du jobbe helg på ein arbeidsplass med varme, vekst og fagleg utvikling?
Luranetunet bu- og behandlingssenter søkjer engasjert helsepersonell til helgestillingar – dag, kveld eller natt. Her får du moglegheita til å bidra til utviklinga av framtidas eldreomsorg, saman med dyktige kollegaer i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø.
Kvifor velje Luranetunet?
- Vi har ein unik tropehage på 1300 m² – eit varmt og levande samlingspunkt for bebuarar, pårørande og tilsette.
- Du får jobbe tverrfagleg og bli kjent med alle avdelingar – noko som gir brei erfaring og fagleg utvikling.
- Vi har fokus på kommunikasjon og miljøarbeid, og ser personen bak sjukdommen.
- Du blir del av eit fellesskap som jobbar for utvikling og vekst i samspel.
Arbeidstid og stillingsstorleik
- Arbeid på helg: fredag og/eller laurdag og søndag.
- Turnusordningar: annakvar, tredje kvar eller kvar fjerde helg i langvakter.
- Stillingar frå 11 % til 25 %.
Vi tilbyr
- God opplæring og rettleiing.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Tillegg på årslønn for arbeid på natt.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Fokus på heiltidskultur.
Requirements
- Du har helsefagleg utdanning, er under utdanning eller vurderer helsefagleg utdanning.
- Du må vere fylt 17 år.
- Du har interesse for å jobbe med menneske.
- Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Skills
Helsefagleg kompetanseMiljøarbeidKommunikasjonTverrfagleg samarbeidEldreomsorg
Experience
entry-level