Autosøk

Vil du vere den som får kvardagen til å flyte i ei viktig teneste for barn, unge og familiar?

Fjaler kommune HAFS Interkommunale barnevernteneste

Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord

Job Description

Vil du vere den som får kvardagen til å flyte i ei viktig teneste for barn, unge og familiar?

HAFS barnevernteneste har ledig eit 100 % vikariat som merkantil koordinator. Vi ser etter deg som likar å skape struktur, koordinere oppgåver og vere ein viktig støtte for både leiing og tilsette.

Som merkantil koordinator har du ei nøkkelrolle i den daglege drifta. Gjennom administrasjon, dokumentforvaltning, økonomi og koordinering bidreg du til gode arbeidsprosessar, slik at fagtilsette kan konsentrere seg om oppfølging av barn, unge og familiar.

Du vil mellom anna arbeide med:

  • Vere administrativ støtte for leiing og tilsette
  • Koordinere administrative oppgåver og sikre gode arbeidsprosessar
  • Behandle innsynsbegjæringar
  • Journalføre og dokumentere i fagsystem
  • Følgje opp økonomi og fakturabehandling
  • Planleggje møte, reiser og annan praktisk logistikk
  • Gi administrativ rådgiving og støtte i ulike prosessar
  • Samarbeide med ulike faggrupper og einingar
  • Bidra til utvikling og forbetring av rutinar, prosedyrar og arbeidsprosessar

Requirements

  • Du må ha treårig høgare utdanning innan økonomi og administrasjon, helse- og sosialfag eller pedagogikk.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha gode digitale ferdigheiter.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Den som vert tilsett må leggje fram godkjend politiattest.

Skills

AdministrasjonØkonomioppfølgingDokumentforvaltningKoordineringSaksbehandlingDigital kompetanseServiceinnstilling

Experience

mid-level

Similar Jobs