Autosøk

Stilling i Rus- og psykisk helseteneste

Psykisk helse, Vestre Slidre kommune

Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Job Description

Stilling i Rus- og psykisk helseteneste

Vestre Slidre kommune har ei ledig midlertidig stilling i psykisk helse- og rusteneste (60-100% stilling frå hausten 2026 til og med juni 2027). Ynskjer du ei stilling der du kan gjere ein reell forskjell i kvardagen til menneske i alle aldrar? Då kan dette vere jobben for deg.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk jobbing, kartlegging, vurdering og behandling individuelt.
  • Hausten 2026: hovudsakeleg oppfølging av vaksne personar, men også noko oppfølging av barn og unge.
  • Fyrste halvår 2027: vikariere for barne- og ungdomslos på skulen med oppfølging av elevar frå 1.-10. trinn og noko oppfølging av vaksne personar.
  • Veiledning til samarbeidande tenester i kommunen.
  • Utforme behandlingsplanar, samt ivareta dokumentasjonsplikt.
  • Tverrfagleg samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar.
  • Deltaking i ansvarsgrupper, pårørandemøter og nettverksmøter.
  • Det kan og bli aktuelt med oppfølging av innsette i kriminalomsorga ved fengselet på Slidreøya.

Requirements

  • Du må ha 3-årig sosial- eller helsefagleg høgskuleutdanning som sosionom, vernepleiar, sjukepleiar eller annan relevant kompetanse.
  • Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan rus og psykisk helse.
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge er sterkt ønskt.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Skills

Klinisk kartlegging og vurderingBehandlingsplanleggingTverrfagleg samarbeidPsykisk helsearbeidRusoppfølgingDokumentasjon og journalføringKommunikasjonSjølvstendig arbeid

Experience

mid-level

Similar Jobs