Autosøk

Har du lyst til å vera eit viktig bindeledd i eining Tilrettelagte tenester?

Vindafjord kommune Tilrettelagde tenester

Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Job Description

Har du lyst til å vera eit viktig bindeledd i eining Tilrettelagte tenester?

Eining tilrettelagte tenester søkjer etter ein strukturert og engasjert konsulent i 80% fast stilling som trivst med varierte arbeidsoppgåver og kontakt med mange menneske!

Som konsulent vil du ha ei sentral rolle i eininga og vere eit viktig bindeledd mellom tenestene, tilsette, leiarar, brukarar og samarbeidspartnerar. Du vil bidra til god informasjonsflyt, orden og struktur, og vere med på å sikre at dei admininstrative oppgåvene vert løyste på ein effektiv og profesjonell måte.

Stillinga er organisert i Eining Tilrettelagte tenester, og arbeidsstaden vil vere fordelt mellom kontor i både Sandeid og Ølen.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Administrative og merkantile oppgåver for eininga
  • Saksbehandling og dokumenthandtering
  • Registrering og oppfølging i ulike fagsystem
  • Telefon og eposthandtering
  • Støtte til leiarar og tilsette i det daglege arbeidet
  • Koordinering og oppfølging av møter og avtalar
  • Andre førefallande kontoroppgåver

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
  • Forsikringsordningar som gruppelivforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.

Requirements

  • Du må ha fagbrev i kontor- og administrasjonsfaget, eller anna relevant utdanning/erfaring som kan kompensere for dette.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg.
  • Du må vere serviceinnstilt og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må vere strukturert, nøyaktig og sjølvstendig.
  • Du må ha god digital kompetanse og evne til å setja deg inn i nye system.

Skills

SaksbehandlingDokumenthandteringAdministrasjonDigital kompetanseServiceinnstillingSamarbeidsevner

Experience

junior

Similar Jobs