Sign in to auto-apply
Job Description
Miljøarbeidar
Askøy vidaregående skule har omlag 750 elevar og 120 tilsette. Skulen ligg på Myrane ved Kleppestø, med gode offentlege kommunikasjonar til alle delar av Askøy og Bergen. Skulen har nytt skulebygg med moderne undervisningslokaler og fellesareal.
Skulen har ledig 100% midlertidig stilling som miljøarbeidar. Stillinga er for tida knytt til ordinære grupper, hovudsakleg for yrkesfag. Det kan også bli aktuelt med oppgåver i samarbeid med elevtenesta og miljøteamet.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeidaren har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag.
- Hjelper elevar med ulike former for tilretteleggingsbehov i skulekvardagen.
- Deltek i planlegging og oppfølging av elevar i lag med lærar som har ansvar for undervisninga.
- Samarbeider med føresette og har kunnskap om medbestemming for born og ungdom.
- Hjelper elevar, etter behov, i samband med reise til og frå skule, og under arbeidsutplassering i verksemd.
- Bidrar i det førebyggjande miljøarbeidet ved skulen.
Requirements
- Du må ha erfaring frå arbeid med ungdom.
- Det er ønskjeleg med fagbrev eller arbeidserfaring relevant for teknologi og industrifag.
- Du bør ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Det er krav om politiattest for alle som skal tilsettjast i vidaregåande skule.
- Du må vere personleg eigna for stillinga.
Skills
MiljøarbeidElevoppfølgingSamarbeid med føresetteKommunikasjonFleksibilitetTeamarbeid
Experience
mid-level