Autosøk
Ansvars- og arbeidsoppgåver logo

Beredskapsrådgivar

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø

Job Description

Om arbeidsstaden

Austevoll kommune og Tysnes kommune har inngått samarbeid om ei delt stilling som beredskapsrådgivar. Austevoll kommune har arbeidsgivaransvaret for stillinga. Kommunane vil ha eit tett samarbeid, og samordne arbeidsprosessar når det er føremålstenleg.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Beredskapsrådgivaren skal arbeide med oppgåver knytt til kommunane sitt lovpålagde ansvar for kommunal beredskapsplikt. Det inneber:

  • Etablere og utvikle system for arbeidet med beredskap.
  • Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse.
  • Overordna beredskapsplanverk.
  • Beredskapsøvingar og evaluering.
  • Opplæring og rettleiing.
  • Vere pådrivar, koordinere og samarbeide med eksterne aktørar.
  • Oppfølging av tilsyn om kommunal beredskapsplikt.
  • Førebu saksframlegg til politisk handsaming.
  • Inngå i kommunane sin kriseorganisasjon ved uønskte hendingar og kriser.
  • Ansvar for krisestøtteverktøy og kommunikasjonsløysingar for kriseleiinga.

Vi tilbyr

Ei spanande rolle og moglegheit til å ha ein sentral rolle i utviklinga av kommunane sitt beredskapsarbeid. Varierte, spanande og samfunnsnyttige oppgåver. Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt kollegafellesskap. Løn etter kvalifikasjonar. Vi tilbyr ein fleksibel arbeidskvardag med delvis heimekontor og fleksibel arbeidstid. Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Requirements

  • Du må ha høgare relevant utdanning på bachelor- eller masternivå.
  • Du må ha erfaring frå strategisk beredskapsarbeid i kommune, stat, forsvarssektoren eller andre relevante beredskapsmiljø.
  • Du må ha erfaring med saksbehandling, politiske prosessar og utgreiingsarbeid.
  • Du må ha god forståing for offentleg forvaltning, styringssystem og utvikling av styrande dokumentasjon.
  • Du må kunne tryggleiksklarerast til nivå HEMMELEG.

Skills

BeredskapsplanleggingKrisehandteringRisiko- og sårbarheitsanalyse (ROS)Offentleg forvaltningSaksbehandlingStrategisk planleggingKommunikasjon

Salary

Løn etter kvalifikasjonar

Experience

mid-level

Similar Jobs