Sign in to auto-apply
Job Description
Driftsoperatør Nordfjord
Eide er eit familieeigd selskap, og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. For å nå vår visjon er me avhengige av dyktige kollegaer på merdkanten. Me søkjer deg som er motivert for å bidra i eit innovativt og framtidsretta miljø, der kvalitet står i sentrum i alle ledd.
Om stillinga
Som driftsoperatør vil du vere ein sentral del av den daglege drifta på våre lokalitetar. Du får ein variert arbeidskvardag med både ansvar og moglegheit for utvikling.
Viktige arbeidsoppgåver vil vera:
- Fôring og stell av fisk
- Deltaking i større operasjonar som levering, avslusing og klargjering/nedrigging av lokalitetar m.m.
- Forfallande vedlikehald og periodisk ettersyn på anlegg, båtar og utstyr
- Orden, reinhald, og smitteførebyggjande arbeid
- Deltaking i helgevaktordning
Kven me ser etter?
For oss er motivasjon, haldningar og verdiar viktig. Vi ønskjer å ha deg med på laget som er samarbeidsvillig, bevisst i eigne handlingar og som tek ansvar både for menneska rundt deg og arbeidet du utfører. Du trivst med å jobbe i team, deler kunnskap, er nysgjerrig, lærevillig og bidreg positivt til kulturen.
Me tilbyr:
- Jobb i ei framtidsretta og spennande næring
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Et arbeidsmiljø der både tryggleik og arbeidsglede står sterkt
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
Requirements
- Du har relevant fagbrev eller utdanning/erfaring.
- Du er motivert for arbeid med fisk og oppdrett.
- Du bidreg til god HMS og arbeider strukturert.
- Du er sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert.
- Du har førarkort klasse B.
Skills
Experience
mid-level