Psykolog
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern
Østre Nesttunvegen 20, 5221 Nesttun
Sign in to auto-apply
Job Description
Psykolog – årsvikariat ved BUP Fana
Er du psykolog og ønsker å jobbe i eit fagleg sterkt og engasjert miljø? Ved BUP Fana har vi ledig årsvikariat frå oktober 2026.
Om oss
BUP Fana er ein av sju poliklinikkar i Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU). Vi held til sentralt på Nesttun, samlokalisert med BUP Ytrebygda. Poliklinikken har 24 fagårsverk, inkludert tyngdepunktfunksjon for behandling av spiseforstyrringar, Regionalt senter for høyrsel og psykisk helse og ei stilling knytta til Tverrfagleg helsekartlegging.
Fagmiljø og behandlingstilbod
Hos oss møter du engasjerte og erfarne kollegaer. Vi tilbyr mellom anna: IIP-gruppe, FBT-team, traumebehandling med erfarne terapeutar, EFST-grupper tilpassa spesialisthelsetenesta og eige team for utgreiing av autisme.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og unge
- Samarbeid med føresette og relevante instansar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med overeinskomst
- Eit støttande og godt arbeidsmiljø
- Rettleiing, relevante kurs og vidareutdanning med stort rom for fagleg utvikling
- Gode system for å ta i mot nytilsette
Requirements
- Du må ha norsk autorisasjon som psykolog.
- Du må kunne legge fram tilfredsstillande politiattest i samsvar med helsepersonellova § 20a.
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg.
- Det er ønskelig med erfaring frå spesialisthelsetenesta og/eller arbeid med barn og unge.
Skills
Experience
junior