Sign in to auto-apply
Job Description
Teamleiar - Hareid
Vil du leie og utvikle eit sterkt fagmiljø på Hareid? SpareBank 1 Regnskapshuset SMN er ein del av det største finanskonsernet i Midt-Noreg og ein leiande leverandør av rekneskapstenester, økonomirådgiving og rapporteringsløysingar. No ser vi etter ein trygg og engasjert teamleiar som ønskjer å vere med på å vidareutvikle kontoret vårt på Hareid.
Som teamleiar får du personalansvar for seks medarbeidarar og ei viktig rolle i den vidare utviklinga av kontoret. Du blir òg ein del av det lokale leiarteamet på Søre Sunnmøre, saman med marknadsområdeleiar og teamleiar for kontora i Ørsta og Volda.
Dei viktigaste ansvarsområda dine
Du vil mellom anna:
- Leie, følgje opp og utvikle medarbeidarane på kontoret.
- Bidra til høg fagleg kvalitet, gode arbeidsprosessar og eit godt arbeidsmiljø.
- Vere ein synleg og tilgjengeleg leiar i den daglege drifta.
- Utvikle sterke kunderelasjonar og bidra til gode kundeopplevingar.
- Samarbeide tett med andre kontor og fagmiljø i Regnskapshuset SMN.
- Bidra til digitalisering, utvikling av tenestene våre og kontinuerleg forbetringsarbeid.
- Representere selskapet og byggje relasjonar i lokalt næringsliv.
Kva tilbyr vi?
Hos oss får du ei spennande leiarrolle med stor grad av tillit og handlingsrom. Du blir del av eit sterkt fagmiljø med dyktige kollegaer som samarbeider på tvers av fagområde for å skape verdi for kundane våre.
I tillegg tilbyr vi:
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Personalbank med svært gode vilkår på lån og forsikring.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, inkludert AFP.
- Moglegheit til å bli medeigar i SpareBank 1 SMN gjennom ansattprogrammet vårt.
- Ein trygg og solid arbeidsgivar med fokus på mangfald, inkludering og berekraft.
- Sosiale arrangement, aktivitetar og tilgang til firmahytter.
Requirements
- Du har relevant utdanning innan økonomi, rekneskap eller leiing.
- Du har erfaring frå rekneskap, økonomi, rådgiving eller liknande verksemd.
- Du har leiarerfaring, eller eit sterkt ønske om å ta steget inn i ei leiarrolle.
- Du har god forståing for korleis teknologi og digitalisering påverkar kundearbeid og leveransar.
- Du er strukturert, skaper framdrift og byggjer gode relasjonar.
Skills
Experience
mid-level