Autosøk
Psykolog – årsvikariat ved BUP Fana logo

Psykolog

Psykolog – årsvikariat ved BUP Fana

Østre Nesttunvegen 20, 5221 Nesttun

Job Description

Psykolog – årsvikariat ved BUP Fana

Er du psykolog og ønsker å jobbe i eit fagleg sterkt og engasjert miljø? Ved BUP Fana har vi ledig årsvikariat frå oktober 2026.

Om oss

BUP Fana er ein av sju poliklinikkar i Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU). Vi held til sentralt på Nesttun, samlokalisert med BUP Ytrebygda. Opptaksområdet vårt omfattar Austevoll og Fana byområde i Bergen. Poliklinikken har 24 fagårsverk, inkludert tyngdepunktfunksjon for behandling av spiseforstyrringar, Regionalt senter for høyrsel og psykisk helse og ei stilling knytta til Tverrfagleg helsekartlegging.

Fagmiljø og behandlingstilbod

Hos oss møter du engasjerte og erfarne kollegaer. Vi tilbyr mellom anna: IIP-gruppe, FBT-team, traumebehandling med erfarne terapeutar, EFST-grupper tilpassa spesialisthelsetenesta og eige team for utgreiing av autisme. Dei siste åra har vi hatt særleg fokus på barn og unge med nevroutviklingsforstyrringar og vi har nyleg etablert IPS i samarbeid med NAV.

Vår tilnærming

Vi er opptatt av fagleg kvalitet, effektiv bruk av ressursar og godt samarbeid – både internt og med eksterne aktørar. Vi søker deg som ønsker å bidra til utvikling og finne gode løysingar i møte med aukande behov i befolkninga.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og unge
  • Samarbeid med føresette og relevante instansar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med overeinskomst
  • Eit støttande og godt arbeidsmiljø
  • Rettleiing, relevante kurs og vidareutdanning med stort rom for fagleg utvikling
  • Gode system for å ta i mot nytilsette

Requirements

  • Du må ha norsk autorisasjon som psykolog.
  • Du må kunne legge fram tilfredsstillande politiattest i samsvar med helsepersonellova § 20a.
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg.
  • Det er ønskelig med erfaring frå spesialisthelsetenesta og/eller arbeid med barn og unge.
  • Du må ha god vurderingsevne og arbeidskapasitet.

Skills

Utgreiing og diagnostiseringBehandling av barn og ungeTverrfagleg samarbeidNevroutviklingsforstyrringarSpiseforstyrringarTraumebehandling

Experience

mid-level

Similar Jobs