Sign in to auto-apply
Job Description
Årdal Teknologipark søkjer ein positiv, strukturert og serviceinnstilt administrasjons- og servicemedarbeidar i 50 % stilling. Dette er ei variert rolle der du får ein viktig funksjon i den daglege drifta av teknologiparken og bidreg til at både besøkande, samarbeidspartnarar og leigetakarar får ei god oppleving. Stillinga krev fleksibilitet i periodar med høg aktivitet, og kan på sikt verte utvida i takt med vidare vekst og utvikling av Årdal Teknologipark.
Arbeidsoppgåver
- Vere vertskap for besøkande og gjester i Årdal Teknologipark
- Koordinere bookingar og leggje til rette for møte, kurs og arrangement
- Fakturering og enklare administrative oppgåver
- Informere brukarar og besøkande om rutinar og retningslinjer i lokala
- Bidra til orden, trivsel og god service i teknologiparken
- Andre førefallande administrative og praktiske oppgåver
Vi tilbyr
- Ei variert og sjølvstendig stilling i eit spennande næringsmiljø
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte menneske
- Moglegheit til å vere med og vidareutvikle Årdal Teknologipark
- Løn etter avtale
Requirements
- Du må vere strukturert og kunne arbeide sjølvstendig.
- Du må ha gode samarbeidsevner og eit positivt vesen.
- Du må ha erfaring med Microsoft Office og grunnleggjande IT-kunnskapar.
- Du må ha kjennskap til enklare økonomi- og rekneskapsoppgåver.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha evne til å kommunisere på engelsk.
Skills
Microsoft OfficeAdministrasjonKundeserviceFaktureringMøtekoordineringRekneskapsforståing
Salary
Løn etter avtale
Experience
junior