Assistentar i faste helgestillingar, dag/aften
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling Stemningslidingar/ Seksjon S6, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Sign in to auto-apply
Job Description
Assistentar i faste helgestillingar, dag/aften
Psykiatrisk klinikk er ein klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen. Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med stemningslidingar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå.
Seksjon S6 er ein av to døgnseksjonar med ni ordinære døgnplassar og tre psykiatriske intensivplassar. Vi arbeider for at pasientane skal føle seg trygge og ivaretatt, og vi er stolte av å vere fleksible slik at vi får til god og individuelt tilpassa behandling.
Vi søker etter assistentar til 7 faste helgestillingar (14-20 %) med arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging og pasientadministrativt arbeid
- Oppfølging og evaluering av miljøterapeutiske tiltak, med eit fokus på å skape gode relasjonar til pasientane
- Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb som gjev personleg utvikling
- Eit godt, triveleg, engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Fagutvikling og opplæring i MAP
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Requirements
- Vi søker fortrinnsvis etter studentar innan sjuke- og vernepleie, psykologi eller medisin.
- Sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon.
- Du må ha engasjement og interesse for å arbeide med pasientgruppa.
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg.
- Du må vere moden, tolmodig, fleksibel, løysingsorientert og ansvarsbevisst.
Skills
PasientoppfølgingMiljøterapeutisk arbeidTverrfagleg samarbeidKommunikasjonRelasjonsbyggingTeamarbeid
Experience
entry-level