100% fast stilling Vik oppvekstsenter, avd. barnehage
Vindafjord kommune Vik oppvekstsenter
Vikevegen 1266, 5568 Vikebygd
Sign in to auto-apply
Job Description
100% fast stilling Vik oppvekstsenter, avd. barnehage
Me ser etter deg som er glad i barn, trygg i vaksenrolla og som vil vera med og skapa ein god, trygg og utviklande barnehagekvardag.
Det er viktig at du likar å samtala og utforska saman med barn. Det er ein fordel om du har erfaring i å arbeida med barn. Du treng ikkje ha erfaring med alt, men du må vere motivert, lærevillig og klar for ein aktiv arbeidskvardag.
Kvifor jobba hos oss?
I Vikebygd barnehage har me to avdelingar. Hos oss blir du del av eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg utvikling og engasjement.
Me tilbyr:
- Gode kollegaer og eit sterkt fellesskap.
- Oppfølging og rettleiing frå pedagogar og leiar.
- Ein trygg og god start for nytilsette.
- Fagleg støtte.
- Ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell for barn kvar dag.
- Ordna tilsetjingsforhold.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
Requirements
- Du må ha fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller erfaring frå liknande arbeid.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg.
- Du må vere stabil, varm, tydeleg og til stades i møte med barn.
- Du må kunne samarbeide godt med andre og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus før tiltredelse.
Skills
Barne- og ungdomsarbeidPedagogisk oppfølgingSamarbeidsevnerNorsk språk (nynorsk)Strukturert arbeidsmetodikkFleksibilitet
Experience
entry-level