Sign in to auto-apply
Job Description
KI - Utviklar
Me søkjer KI-utviklar. Har du kompetanse og erfaring med agentisk utvikling? Er du oppteken av teknologi og likar å finna ein god veg framover i eit teknologilandskap i endring? Brenn du for å levera gode løysingar i lag med andre? Då kan du vera den me i Nordea Liv ser etter.
Om denne moglegheita
Me på teknologi følar oss midt i smørøyet på Nordea sin nye strategi fram mot 2030. Utviklingsfeltet er i stor endring som følge av inntoget av agentiske utviklingsverktøy, og me ynskjer at du skal vera med å driva fram desse endringane i våre utviklingsteam.
Teknologi og arbeidsform
- Teknologistrategien vår baserer seg i stor grad på «API First».
- Utviklingsspråka våre er hovudsakleg Java og Kotlin.
- Front end-løysingar er skreve i Java-rammeverk, Angular eller HTMX.
- Back end-løysingane våre er stort sett REST API eller Kafka-basert.
- Verktøy i bruk inkluderer GitHub Copilot, Cursor og Claude.
- Du vil gå inn i eit av våre kryssfunksjonelle utviklingsteam som jobbar etter Scrum.
Me har ein hybrid arbeidsplass med hovudvekt på å møtast på kontoret i Bergen.
Requirements
- Relevant høgare utdanning innan IT.
- Erfaring med agentiske utviklingsverktøy og effektiv styring av agentar på tvers av team og system.
- Erfaring med smidige utviklingsmetodar.
- God munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk/skandinavisk og engelsk.
Skills
JavaKotlinAgentisk utvikling (AI)ScrumAPI-utviklingAngularHTMXKafka
Experience
mid-level