Sign in to auto-apply
Job Description
Kokk ved produksjonskjøkkenet på Samnangerheimen
Samnangerheimen søkjer ein kreativ og engasjert kokk til produksjonskjøkkenet vårt! I stillinga får du eit viktig og meiningsfullt arbeid - du lagar lunsj og middag til pasientar på Samnangerheimen, samt middag til dagsenter og til heimebuande i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Produksjon av lunsj og middag etter meny og ernæringsplanar
- Lage meny i samarbeid med tilsette på Samnangerheimen
- Tilrettelegging for ulike kosthald og behov
- Sikre god kvalitet og næringsinnhald i måltida
- Bidra til god ernæring, trivsel og matglede for pasientar og brukarane
- Medansvar til bestilling av varer
- Følge hygieniske retningslinjer
Me tilbyr
- Sjølvstendig arbeid i eit godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Årsturnus
- Opplæring og oppfølging
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Requirements
- Du må ha fagbrev som kokk eller relevant erfaring frå storkjøkken.
- Du må ha interesse for ernæring, tilpassa kosthald og behova til eldre og sjuke.
- Du må vere kreativ, nytenkjande og oppteken av kvalitet.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og trivast i samarbeid med andre.
- Politiattest må framleggast ved tilsetjing.
Skills
MatlagingErnæringskunnskapStorkjøkkendriftMenyplanleggingHygieneforståelse (IK-mat)Samarbeidsevner
Experience
mid-level