Sign in to auto-apply
Job Description
Helsefagarbeidar - 100 % fast
Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!
Heimetenester Os har ledig ein fast 100 % stilling som helsefagarbeidar i Ressursbemanningsavdelinga. Stillinga er i turnus med arbeid på helg, etter gjeldande turusavtale.
Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte medarbeidare. Vårt mål er at alle brukare skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Vi ønskjer ein fleksibel og løysningsorientert medarbeidar, og håpar at du vil vera med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
- Delta i utarbeiding av gode system og rutinar
- Dokumentera helsehjelp i Profil
- Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde
- Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
- Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert
I Ressursbemanningsavdelinga må ein kunne arbeide på tvers av alle avdelingar, avhengig av kvar behovet er størst.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
Requirements
- Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av HK-dir.
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått Bergenstest.
- Du må kunne leggja fram politiattest.
Skills
Experience
mid-level