Autosøk
Kvalifikasjonar logo

Seksjonsleiar - utvikling og teknologi

Kvalifikasjonar

Brattørkaia 15, 7010 Trondheim

Job Description

Om stillinga

Har du erfaring med å leie utviklingsarbeid? Synest du det er spennande å bevege organisasjonar i retning av å jobbe produktorientert? Veit du kva som skal til for å utvikle moderne, effektive og trygge løysingar på .net, powerplattform og andre rammeverk? Og har du i tillegg erfaring frå å leie flinke folk? Ja då er det deg vi ser etter i den nyoppretta stillinga vår som leiar for Utvikling og teknologiseksjonen!

I Miljødirektoratet har vi mange skreddarsydde IT-produkt som vi bruker til å løyse oppgåvene i samfunnsoppdraget vårt. Fram til no har vi nytta oss av konsulenthus i systemutviklinga, medan strategien vår no er å byggje opp eit kompetansemiljø med internt tilsette utviklarar. Vi søkjer derfor etter ein trygg og tydeleg leiar som vil byggje opp den nye seksjonen vår for utvikling, teknologi og KI.

Dette er ei rolle for deg som trivst i skjeringspunktet mellom teknologi, menneske og forretning. Du evnar å sjå heilskapen, ta gode tekniske avgjerder og samtidig bidra operativt når det trengst. Du blir motivert av å byggje produkt som skaper reell verdi for kundane, og du ser moglegheitene som ligg i ny teknologi og kunstig intelligens.

Stillingas hovudansvarsområde

  • Fagleg leie og vidareutvikle den nye seksjonen som vil romme ca. 15 dyktige tilsette.
  • Sikre nok kapasitet til å gjennomføre viktige oppgåver.
  • Vidareutvikle systemutvikling, arkitektur og metodikk.
  • Ha overordna ansvar for systemarkitektur og teknologiske vegval.

Requirements

  • Du har relevant mastergrad, eller bachelorgrad med jobberfaring som kompenserer for utdanningskravet på masternivå.
  • Du har erfaring frå å leie team og som Tech Lead, arkitekt eller senior utviklar.
  • Du har inngåande kunnskap om utvikling med god kvalitet, utviklingsflyt og kontinuerleg forbetring av arbeidsmetodar.
  • Du har erfaring frå å utforske, evaluere og implementere relevante AI-løysingar og innovasjonstiltak.
  • Du må evne å utfordre tekniske miljø og stå trygt i komplekse tekniske diskusjonar.

Skills

TeamledelseSystemutviklingSystemarkitekturKunstig intelligens (KI)Produktorientert utviklingStrategisk planleggingMentoring

Salary

1 000 000 - 1 200 000 NOK

Experience

senior

Similar Jobs