Sign in to auto-apply
Job Description
Spesialkonsulent/rådgjevar på museumsfeltet
Vil du vere med å utvikle museumsfeltet i Vestland? Vestland fylkeskommune søkjer ein spesialkonsulent/rådgjevar museum som vil vere med å vidareutvikle ein av dei sterkaste museumsregionane i landet.
Arbeidsoppgåver
- Førebu politiske saker og følgje opp vedteken politikk på museumsfeltet
- Planleggje og bidra i realisering av Samlingssentrum Vestland, eit fellesmagasin for musea i Hordaland
- Bidra til strategisk utvikling og regional samordning av museumsfeltet
- Følgje opp musea gjennom årlege museumssamlingar, dialog og nettverksarbeid
- Forvalte og følgje opp regionale driftstilskot og kulturfondmidlar
- Delta i og bidra til regionale og nasjonale museumsnettverk
- Delta i utviklingsprosjekt og andre relevante oppgåver ved behov
Vi tilbyr
- Eit av Noregs mest sentrale og kompetente fagmiljø innan vern og utvikling av kulturarv
- Høve til å påverke utviklinga av museumsfeltet i Vestland
- Stillingstittel (rådgjevar/ spesialkonsulent) og løn vert fastsett etter kompetanse og erfaring
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Eit fagleg sterkt, inkluderande og engasjerande arbeidsmiljø
Requirements
- Du må ha relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, minimum på bachelornivå.
- Du må ha dokumentert kompetanse og erfaring frå museumsfagleg arbeid.
- Du må inneha førarkort for personbil klasse B.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid innan museum og kulturarv.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå rådgjeving, saksførebuing eller arbeid tett på leiing og politiske organ.
- Det er ønskjeleg med kunnskap om offentleg forvaltning og politiske prosessar.
Skills
Museumsfagleg arbeidProsjektleiingSaksførebuingOffentleg forvaltningStrategisk utviklingNettverksbyggingNorsk skriftleg og munnleg kommunikasjon
Experience
mid-level