Sign in to auto-apply
Job Description
Tilkallingsvikar miljøstasjon
Vil du bli ein del av eit godt etablert team ved miljøstasjonen i Hovdebygda? Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til god kundeservice, høg kvalitet og rett sortering av avfall.
Om stillinga
Vi ser etter ein fleksibel og serviceinnstilt tilkallingsvikar som kan stille opp ved behov, til dømes ved sjukdom, anna fråvær og ferieavvikling. Miljøstasjonen i Hovdebygda har drift alle vekedagar gjennom heile året, i tillegg til kveldsope tysdagar og laurdagsope delar av året. Vi har difor behov for deg som kan vere fleksibel og kan ta vakter både på dagtid, kveld og laurdag.
Arbeidsoppgaver
- Rettleiing og bistand til kundane i miljøstasjonen
- Pakke og klargjere ulike avfallsfraksjonar
- Rydding, handtering og transportoppdrag
- Operatør i vekta ved behov
- Andre oppgåver, både knytt til miljøstasjonen og til VØR sitt anlegg på Melsgjerdet
Nødvendige kurs og opplæring vil bli gitt.
Vi tilbyr
Vi tilbyr regulerte løns- og arbeidsforhold i ein spennande bransje med eit viktig miljøoppdrag. For stillinga gjeld ordinære tilsettingsvilkår i tråd med reglement for offentlege tilsette.
Requirements
- Du må inneha førarkort klasse B for manuell gir.
- Du må meistre norsk både munnleg og skriftleg.
- Du må ha grunnleggjande datakunnskapar.
- Du må vere fleksibel og kunne ta vakter på dagtid, kveld og laurdag.
- Du må vere serviceinnstilt og ha evne til å arbeide sjølvstendig.
Skills
Experience
entry-level