Autosøk
Universitetet i Bergen logo

Mellombels stilling som forskar i QUANTA-prosjektet

Universitetet i Bergen

Christiesgate 12, 5015 Bergen

Job Description

Forskar

Det er ledig ei mellombels stilling som forskar ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen (UiB). Stillinga er for ein avgrensa periode på 12 månader frå 01.01.2027 til 31.12.2027, og er ein del av prosjektet «Evolution of Cognitive Tools for Quantification (QUANTA)», finansiert av Det europeiske forskingsrådet (ERC).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

QUANTA har som mål å rekonstruere opphavet til og utviklinga av talsystem: når og kvifor dei vart oppfunne, og korleis og kvifor dei vart diversifiserte. Stillinga vil vere ein del av teamet leia av professor Andrea Bender (UiB), og arbeidet vil vere retta mot evolusjonære analysar av storskala tverrfaglege data. Stillinga vil òg vere knytt til SFF-senteret Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE) ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Ei årsløn på kr 685 900 før skatt (stillingskode 1109)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Requirements

  • Søkjaren må på søknadstidspunktet ha doktorgrad eller tilsvarande grad innan psykologi, med spesialisering i utviklinga av språk og kognisjon.
  • Søkjaren må ha inngåande kjennskap til litteraturen om kulturell og kognitiv evolusjon.
  • Søkjaren må ha erfaring med empiriske metodar for hypotesetesting, og særleg med gjennomføring av overføringskjedeeksperiment på tvers av kulturar.
  • Søkjaren må kunne dokumentere tverrfagleg samarbeid.
  • Det vert kravd høg kompetanse i både skriftleg og munnleg engelsk.

Skills

PsykologiKulturell og kognitiv evolusjonEmpiriske metodarHypotesetestingOverføringskjedeeksperimentTverrfagleg samarbeidAkademisk skriving

Salary

685 900 NOK

Experience

mid-level

Similar Jobs