Sign in to auto-apply
Job Description
Vi søker etter ny medarbeidar i Førdehuset
Eininga idrett og friluftsliv er ei engasjert og inkluderande eining med eit stort potensiale for utvikling. Vi består av leiar, 3 på administrasjon, banemeister og 5 badevakter.
Vi har ansvar for:
- Utleige av kommunale idrettsanlegg inne og drift av idrettsanlegg ute
- Offentleg bading
- Samarbeid med lag og organisasjonar innafor idrett og friluftsliv
- Sakshandsaming av spelemidlar for idrett, forvaltning av motorferdsel i utmark og oppfølging knytt til verna område og tre naturreservat
- Statleg sikra friluftsområde, drift av dagsturhyttene og toppturparkering og oppfølging av friluftslivprosjekt
Vi har ledig 15 % vikariat som badevakt i perioden 15.08.26 - 30.06.27. Arbeidsstad er Førdehuset og arbeidstid er annakvar helg og mogleg noko kveld.
Arbeidsoppgåver:
- Svare for tryggleik i symjehallen
- Vere kjentmann og vert for badegjestane
- Utføre tilsyn og lett reinhald i symjehall, garderobar og badstue
- Selje billettar og anna
Requirements
- Du må ha gode symjeferdigheiter.
- Du må bestå livredningsprøve.
- Du må vere fleksibel, ryddig og ta ansvar.
- Du må vere serviceinnstilt og løysingsorientert.
- Du må kunne kommunisere godt på norsk.
Skills
LivredningSymjingServiceinnstillingReinhaldKundebehandlingSamarbeidsevner
Experience
entry-level