Sign in to auto-apply
Job Description
Kulturskulelærar Dans fast deltid 17%
Time kulturskule skal tilsette ny kulturskulelærar i dans. Arbeidsinnhald er allsidig undervisning av danse-elevar i ulik alder, frå barnedans (førskulealder) til ballett og jazzdans frå 1.trinn opp til vgs-alder og ev. elevar på fordjupingsnivå.
Time kulturskule har 24 tilsette og om lag 720 aktive elevplassar. Skulen tilbyr allsidig undervisning innan dei fem fagområda musikk, dans, drama, kunstfag og skapande skriving. Me søkjer deg som ivrar for dansefaget og vil vera del av lærarkollegiet i ein attraktiv, framtidsretta og aktiv kulturskule.
Arbeidsoppgåver
- Vera del av Time kulturskule sitt faste lærarkollegie og delta i vårt faglege og kollegiale fellesskap.
- Beherske ulike dansegenre og tradisjonar i undervisningssamanheng og utøving.
- Tilpasse undervisning for elevar i ulik alder og på ulikt nivå.
- Undervise både enkeltvis og i grupper.
- Delta med supplerande undervisningsopplegg i tverrfagleg prosjektarbeid.
- Utarbeide årsplan for eigne elevar og grupper i samsvar med rammeplan og lokal fagplan.
Me tilbyr
- Eit allsidig, triveleg og levande arbeidsmiljø.
- Kollegafellesskap med høgt kvalifiserde lærarar innan ulike kunstnariske fag.
- Variert og allsidig arbeidsinnhald.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk for kulturskulelærarar.
- Gode pensjonsordningar.
Requirements
- Du må ha høgskule- eller universitetsutdanning med dans som fagområde på bachelor- eller masternivå.
- Du må ha integrert eller tilleggsutdanning innan pedagogikk, metodikk eller PPU.
- Du må ha erfaring frå undervisning i kulturskule eller anna relevant undervisningspraksis.
- Du må meistre ulike dansegenre og ha erfaring med publikumsformidling.
- Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, minimum B1-nivå.
- Du må kunne leggje fram gyldig politiattest før tiltreding.
Skills
Dans pedagogikkBallett og jazzdansUndervisningsplanleggingTverrfagleg samarbeidFormidlingsevneNorsk språk (B1)
Experience
junior