Sign in to auto-apply
Job Description
Avdelingsleiar ved Husahaugen - Eining for habilitering
Husahaugen bustadar er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming. Bufellesskapet har 9 bustadar, eigen personalbase og er organisert under Eining for habilitering.
Husahaugen bustadar har visjonen; <<Gode relasjonar skapar trivsel og meistring>>. Overordna mål er å:
- Skapa ein trygg og omsorgsfull heim
- Gje god dagleg omsorg og sosial støtte
- Leggje til rette miljøet for eigenmeistring
- Bidra til eit godt samarbeid med pårørande
Eining for habilitering har ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar frå 01.09.26.
Arbeids- og ansvarsområde:
Avdelingsleiar er administrativ leiar og har personalansvar for dei tilsette i avdelinga. Leiar skal følgje opp Stord kommune sine visjonar og verdiar, og eininga sine målsettingar og handlingsplanar.
Avdelingsleiar har ansvar for:
- Arbeida for eit godt arbeidsmiljø
- Motivera og rettleia personale og medverka til at dei får utvikla seg, fagleg og personleg
- Førebygging av sjukefråvær og oppfølging av sjukemeldte
- Medverka til eit godt samarbeid med brukarar, pårørande, verneombod, tillitsvalde og andre samarbeidspartnerar
- Ha fokus på effektiv ressursutnytting til beste for alle tenestemottakarane
- Legga til rette for gode tenester i høve vedtak, økonomiske rammer, yrkesetiske retningsliner, etiske normer og gjeldande lovverk
- Sørgja for at avdelinga skaper klima for tverrfagleg samarbeid, både i avdelinga og på tvers av avdelingar
Requirements
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Det er ein føremon med leiarkompetanse og erfaring frå arbeid med brukargruppa.
- Du må ha kunnskap og forståing av turnus, arbeidstidsordningar og relevant lovverk.
- Du må kunne leggje fram godkjent politiattest av nyare dato.
Skills
PersonalansvarLeiingTverrfagleg samarbeidTurnusforståingHMS-oppfølgingRessursstyring
Experience
mid-level