Ledig stilling som kyrkjemusikar/organist/kantor
Stad Kyrkjelege Fellesråd Avd Eid
Sjøgata 90, 6770 Nordfjordeid
Sign in to auto-apply
Job Description
Ledig stilling som kyrkjemusikar/organist/kantor
Stad kyrkjelege fellesråd har ledig ei 100% stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar. Vi søker deg som vil vere aktivt med i planlegging og gjennomføring av gudstenester, kyrkjelege handlingar og anna kyrkjelydsarbeid i Eid og Stårheim sokn.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre gudstenester, kyrkjelege handlingar, institusjonssamlingar og anna kyrkjelydsarbeid.
- Leie barnekor, ungdomskor og vaksenkor.
- Planlegging og gjennomføring av konsertar og andre musikalske arrangement.
- Bidra musikalsk i diakonale tiltak og tiltak innan kyrkjeleg undervisning.
- Rekruttere og legge til rette for frivillige i song- og musikklivet.
- Rådgjevar for soknerådet/fellesrådet i kyrkjemusikalske spørsmål.
- Tilsyn og vedlikehald av instrument og musikkutstyr.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale (KA-tariff) og pensjonsordning i KLP.
- Meiningsfylte, varierte og spennande arbeidsoppgåver.
- Samarbeid med engasjerte og inkluderande medarbeidarar.
- Eit godt fagmiljø og arbeidsmiljø.
Requirements
- Du må ha minimum 3-årig relevant utdanning.
- Du må ha allsidige orgel- og pianoferdigheiter.
- Du må ha brei musikalsk interesse og erfaring, inkludert korleiing.
- Du må ha gode evner til samarbeid og til å arbeide sjølvstendig.
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og språkferdigheiter.
- Du må vere medlem i Den norske kyrkje.
Skills
OrgelspelPianospelKorleiingKyrkjelydsarbeidPedagogikkNettverksbyggingSamarbeidsevner
Experience
mid-level