Sign in to auto-apply
Job Description
Logoped / pedagogisk-psykologisk rådgjevar
PPT Kvam er organisert i eining for Oppvekst saman med skule, barnehage, barnevern, helsestasjon og skulehelsetenesta og familiesenter. PPT er også ein del av Kvam Familie- og Læringssenter (KFL) der dei tenestene som jobbar med born og unge er organiserte saman. Målet med samorganiseringa er å betra det tverrfaglege arbeidet mellom dei kommunale hjelpetenestene for barn og unge i Kvam.
Arbeidsoppgåver
Som PP-rådgjevar:
- Gjennomføra sakkunnig utgreiing der lova krev det.
- Kartlegging av lærevanskar - først og fremst knytt til språklege utfordringar og lese- og skrivevanskar.
- Samarbeida med og støtta barnehage og skule i det førebyggjande arbeidet for å skapa inkluderande tilbod.
- Hjelpa til med og bidra til kompetanseutvikling for eit inkluderande opplæringstilbod.
- Støtta og rettleia barnehagar og skular med å utgreia behovet for tilrettelegging.
- Vera fast ute i barnehagar/skular for å samarbeida med tilsette.
Som utøvande logoped:
- Logopedisk arbeid direkte med born/elevar/vaksne.
- Samarbeid, rettleiing og kompetanseheving til tilsette i barnehage og skule.
- Samarbeida med andre pp-rådgjevarar der det er behov for logopedisk bistand.
Requirements
- Du må ha barnehagelærarutdanning/lærarutdanning med master i spesialpedagogikk med fordjuping i logopedi, eller bachelor i psykologi/pedagogikk/spesialpedagogikk og fullført masterstudie i logopedi.
- Du må ha kartleggingskompetanse særleg knytt til språk- og lese- og skrivevanskar.
- Du må ha rettleiingskompetanse og god skriftleg og munnleg formidlingsevne på nynorsk.
- Du må ha evne til å samarbeida godt med andre, både internt og ut mot samarbeidspartar.
- Du må ha eit positivt og meistringsorientert barne- og elevsyn.
Skills
LogopediSpesialpedagogikkKartlegging (Celf-V, Logos)RettleiingTverrfagleg samarbeidNynorsk skriftleg formidling
Experience
mid-level
