Autosøk
Møre og Romsdal Politidistrikt logo

Inndragingsspesialist

Møre og Romsdal Politidistrikt

Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund, Strandgata 2, 6415 Molde

Job Description

Om stillinga

Møre og Romsdal politidistrikt har ledig stilling som inndragingsspesialist. I denne stillinga vil du vere ein ressurs og pådrivar i politidistriktet for å utnytte potensialet som ligg i inndraging. Inndraging brukast aktivt for å inndra utbytte frå kriminelle handlingar, slik at kriminalitet ikkje skal lønne seg.

Arbeidskvardagen vil bestå av metodeutvikling, opplæring så vel som praktisk arbeid i saker retta mot inndraging av verdiar. Som inndragingsspesialist høyrer du til eit profesjonelt fagmiljø ved avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet, og vil ha ansvar og arbeidsoppgåver i heile politidistriktet.

Arbeidsoppgåver

  • Fag- og metodeansvar for inndraging.
  • Gi råd og rettleie i spørsmål og oppgåver knytt til inndraging og sikring av verdiar.
  • Medverke til generell kompetanseheving i politidistriktet gjennom ulike opplærings- og vedlikehaldsprogram.
  • Halde deg oppdatert på kriminalitetsbiletet og bidra aktivt i arbeidet med inndraging og finansiell etterforsking.
  • Samarbeide med relevante aktørar som til dømes Økokrim.
  • Utføre taktiske etterforskingsoppgåver innan økonomisk kriminalitet.
  • Tilrettelegge for og utføre finansielle analyser ved eige avsnitt og som bistand til andre einingar.

Requirements

  • Du må ha fullført Politi(høg)skule.
  • Du må ha brei etterforskarerfaring og minst tre års erfaring frå politiet.
  • Du må ha god fenomenforståing og kunnskap om etterforsking og inndraging.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Du må ha god kunnskap om og erfaring med bruk av politiet sine straffesaks- og etterretningssystem.
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet.

Skills

EtterforskingØkonomisk kriminalitetFinansiell analyseMetodeutviklingOpplæring og rettleiingSamhandling

Salary

650 000 - 760 000 NOK

Experience

mid-level

Similar Jobs