Vil du leie og utvikle eit sterkt fagmiljø på Hareid?
SpareBank 1 Regnskapshuset SMN
Strandgata 89, 6060 Hareid
Sign in to auto-apply
Job Description
Vil du leie og utvikle eit sterkt fagmiljø på Hareid?
SpareBank 1 Regnskapshuset SMN er ein del av det største finanskonsernet i Midt-Noreg og ein leiande leverandør av rekneskapstenester, økonomirådgiving og rapporteringsløysingar. No ser vi etter ein trygg og engasjert teamleiar som ønskjer å vere med på å vidareutvikle kontoret vårt på Hareid.
Som teamleiar får du personalansvar for seks medarbeidarar og ei viktig rolle i den vidare utviklinga av kontoret. Du blir òg ein del av det lokale leiarteamet på Søre Sunnmøre. Vi trur det er viktig at du blir motivert av å skape gode rammer for både medarbeidarar og kundar, bidra til fagleg utvikling og leggje til rette for eit sterkt lag som leverer høg kundeverdi.
Dei viktigaste ansvarsområda dine
- Leie, følgje opp og utvikle medarbeidarane på kontoret.
- Bidra til høg fagleg kvalitet, gode arbeidsprosessar og eit godt arbeidsmiljø.
- Vere ein synleg og tilgjengeleg leiar i den daglege drifta.
- Utvikle sterke kunderelasjonar og bidra til gode kundeopplevingar.
- Samarbeide tett med andre kontor og fagmiljø i Regnskapshuset SMN.
- Bidra til digitalisering, utvikling av tenestene våre og kontinuerleg forbetringsarbeid.
Kva tilbyr vi?
Hos oss får du ei spennande leiarrolle med stor grad av tillit og handlingsrom. Du blir del av eit sterkt fagmiljø med dyktige kollegaer som samarbeider på tvers av fagområde for å skape verdi for kundane våre.
I tillegg tilbyr vi gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, personalbank med svært gode vilkår, gode pensjons- og forsikringsordningar, og moglegheit til å bli medeigar i SpareBank 1 SMN.
Requirements
- Du har relevant utdanning innan økonomi, rekneskap eller leiing.
- Du har erfaring frå rekneskap, økonomi, rådgiving eller liknande verksemd.
- Du har leiarerfaring, eller eit sterkt ønske om å ta steget inn i ei leiarrolle.
- Du har god forståing for korleis teknologi og digitalisering påverkar kundearbeid og leveransar.
- Du er strukturert, skaper framdrift og byggjer gode relasjonar.
Skills
Experience
mid-level