Sign in to auto-apply
Job Description
KI - Utviklar
Me søkjer KI-utviklar. Har du kompetanse og erfaring med agentisk utvikling? Er du oppteken av teknologi og likar å finna ein god veg framover i eit teknologilandskap i endring? Brenn du for å levera gode løysingar i lag med andre? Då kan du vera den me i Nordea Liv ser etter.
Om denne moglegheita
Me på teknologi følar oss midt i smørøyet på Nordea sin nye strategi fram mot 2030. Utviklingsfeltet er i stor endring som følge av inntoget av agentiske utviklingsverktøy. Me trur dette vil endra måten me skal jobba med utvikling på, og ynskjer at du skal vera med å driva fram desse endringane i våre utviklingsteam.
Teknologi og arbeidsform
- Teknologistrategien vår baserer seg i stor grad på «API First».
- Utviklingsspråka våre er hovudsakleg Java og Kotlin.
- Front end-løysingar er skreve i Java-rammeverk, Angular eller HTMX.
- Back end-løysingane våre er stort sett REST API eller Kafka-basert.
- Me brukar verktøy som GitHub Copilot, Cursor og Claude.
- Du vil gå inn i eit av våre kryssfunksjonelle utviklingsteam som jobbar etter Scrum.
I starten vil du ha eit ekstra ansvar for korleis me etablerer kontekst for agentar på tvers av team og system (context engineering). Du vil òg vera ein drivar for å få folk til å ta i bruke nye måtar å jobba på.
Requirements
- Du har relevant høgare utdanning innan IT.
- Du har erfaring med agentiske utviklingsverktøy og effektiv styring av agentar på tvers av team og system.
- Du har erfaring med smidige utviklingsmetodar.
- Du har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk/skandinavisk og engelsk.
Skills
Experience
mid-level