Autosøk
Samnanger Sokn logo

Kyrkjemusikar/Organist

Samnanger Sokn

Hagabakkane 1, 5650 Tysse

Job Description

Kyrkjemusikar/Organist

Samnanger sokn søkjer kyrkjemusikar/organist til speling på gudstenester og kyrkjelege handlingar i Ådland og Haga kyrkje. Kyrkjemusikaren har hovudansvar for den musikalske verksemda i kyrkjene.

Kyrkjelyden ønsker at kyrkjemusikaren/organisten skal bidra til breidde og kvalitet i det kyrkjemusikalske arbeidet. Me ynskjer også at kyrkjemusikaren, ved høve, kan bidra til musikkliv retta mot til dømes born og unge i Samnanger kommune.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for den musikalske verksemda i kyrkjene: Planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar.
  • Leia lovsongsteam/ musikkgrupper.
  • Musikk ved institusjonsandaktar.
  • Medansvar for å utrusta og rettleia frivillige medarbeidarar til kyrkjemusikalsk teneste.
  • Forvalta og levandegjera eit allsidig kyrkjemusikalsk uttrykk som omfattar til dømes tradisjonell salmesong og moderne lovsong.
  • Arbeida for breidde og kvalitet i det kyrkjemusikalske arbeidet.

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø.
  • Varierte arbeidsoppgåver.
  • Løn etter avtale i kyrkjeleg sektor (KA sitt tariffområde).
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Stor grad av fleksibilitet.

Requirements

  • Søkjar må ha høgare utdanning i musikk.
  • Søkjar må ha dugleik på orgel, piano og gitar.
  • Søkjar må kunna leia band, musikkgrupper, songgrupper eller kor.
  • Søkjar må ha erfaring med kyrkjemusikalsk arbeid og musikkerfaring med born og unge.
  • Søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja (DNK).

Skills

OrgelspillPianospillGitarspillKorledelseMusikkplanleggingSamarbeidsevnerKreativitet

Experience

mid-level

Similar Jobs