Jordmor - inntil 100% mellombels
Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark, Vinje kommune
Jakob Naadlands veg, 3840 Seljord
Sign in to auto-apply
Job Description
Jordmor - inntil 100% mellombels
Vil du fylgje livets viktigaste augneblink i Vest-Telemark? Som jordmor i Vest-Telemark får du arbeide i eit jordmorsamarbeid med stor variasjon og nærleik til kvinnene. Å arbeide som jordmor i Vest-Telemark krev at du trivst med å arbeide sjølvstendig, og i eit distrikt med store avstandar - men du får også nærleik til natur og eit godt fagmiljø!
Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark gjev tilbod om svangerskap- og barselomsorg for fem kommunar, og beredskap- og fylgjeteneste frå Jordmorvakta i Seljord til seks kommunar.
Me har ledig inntil 100 % mellombels stilling frå 01.10.2026. Det er høve for fast tilsetting dersom samarbeidet med Sykehuset Telemark helseforetak (STHF) om beredskap- og fylgjeteneste ikkje vert avslutta i april 2027. Stillinga er ein kombinasjon av arbeid på dagtid og døgnvakter, og består av svangerskaps- og barseloppfylging på helsestasjon og beredskap- og fylgeteneste. Oppmøtestad er Seljord.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre svangerskapskonsultasjonar i tråd med nasjonale retningsliner.
- Førebuande kurs og individuelle samtaler om amming, fødsel og barseltid.
- Utføre heimebesøk og etterkontrollar med fokus på både mor og barn si helse og trivsel.
- Fylgjeteneste og beredskap på Jordmorvakta i Seljord.
- Dokumentere i elektronisk pasientjournal og samarbeide tett med helsesjukepleiarar, fastlegar og andre relevante fagpersonar.
Vi tilbyr
- Du blir ein del av eit fagleg sterkt jordmorsamarbeid med faste fagmøte.
- Relevant opplæring ved oppstart og fagleg støtte undervegs.
- Løn i 100 % stilling: 850 000 kr.
- God forsikrings- og pensjonsordning.
Requirements
- Du må vere autorisert jordmor.
- Du må ha førarkort klasse B og tilgang til eigen bil.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha erfaring frå fødeavdeling.
- Godkjend politiattest må framvisast før tilsetjing.
Skills
Salary
850 000 kr
Experience
mid-level