Sign in to auto-apply
Job Description
Koordinator pleie og omsorg
I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter. Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo.
Om stillinga
Stillinga er 40 % som koordinator og 60 % som sjukepleiar i heimetenesta. I koordinatorstillinga vil du jobbe med kartlegging og koordinering av pasientforløp, og ha ei aktiv rolle i tildeling av tenester i helse og omsorg. Kommunen skal frå 1. september etablere tildelingskontor, lokalisert i Lærdal rådhus, der koordinator i pleie og omsorg vil ha ei naturleg rolle.
60% av stillinga vil vere plassert i heimesjukepleien, dagtid, med arbeid kvar 3 helg. Du vil arbeida i team, saman med andre sjukepleiarar/vernepleiarar. Vi jobbar for å rigga sjukepleiartenesta i team, reindyrka sjukepleiar oppgåvene, for å sikre rett kompetanse til rett oppgåve.
Kva kvalifikasjonar krev me?
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Ynskjeleg med vidareutdanning innan geriatri
- Førerkort klasse B - godkjent i Norge
- Gyldig politiattest
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2 eksamen for søkjarar utanfor Skandinavia
Requirements
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Du må inneha førerkort klasse B som er godkjent i Norge.
- Du må kunne framvise gyldig politiattest.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Søkjarar utanfor Skandinavia må ha bestått B2-eksamen i norsk.
Skills
Salary
Løn i tråd med hovudtariffavtalen i KS, med plassering i garantilønstabell i gruppe 2.
Experience
mid-level