Sign in to auto-apply
Job Description
Fastlegar
Vil du bli ein del av vårt fagmiljø? Kvam herad søkjer etter to fastlegar ved Helsebanken legekontor i Øystese frå snarast. Me har også ledig eit 6 månaders vikariat ved Norheimsund legekontor frå mars 2027 i samband med at ein av legane skal gjennomføra sjukehusteneste.
Som fastlege i Kvam blir du ein del av eit kollegium på 11 fastlegar. Du får høve til å følgja pasientane dine over tid, du møter folk i alle aldrar, frå alle samfunnslag og i alle fasar av livet.
Arbeidsoppgåver
- Kurativt legearbeid i fastlegeordninga.
- Deltaking i kommunal legevaktsordning.
- Rettleiing av legar i utdanningsstillingar og/eller studentar.
- Lovpålagde kommunale allmennlegeoppgåver.
Driftsformer
Kommunen er open for ulike driftsformer:
- Næringsdrift.
- Fastlønnsavtale med insentivordning.
Requirements
- Du må ha norsk autorisasjon som lege.
- Du må ha gjennomført godkjent turnusteneste.
- Du må kunne ta del i interkommunal og kommunal legevakt.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha førarkort klasse B.
- Du må kunne leggje fram politiattest ved tilsetting.
Skills
AllmennmedisinAkuttmedisinLegevaktarbeidPasientbehandlingJournalsystem (Webmed)Kommunikasjon
Experience
mid-level
