Autosøk

Vil du jobbe i eit selskap som gjer verda meir berekraftig?

Hydro

5460 Husnes

Job Description

Vil du jobbe i eit selskap som gjer verda meir berekraftig?

Hydro Aluminium Metal er ein leiande leverandør av pressboltar, valseblokker, støpelegeringar, tråd og høgreinheitsaluminium med eit globalt produksjonsnettverk. Hydro Husnes er Noregs fjerde største aluminiumprodusent og me søkjer no ein allsidig operatør til avdeling straumforsyning.

Kva skal du gjere?

Avdeling Straumforsyning har ansvar for drift, vedlikehald og prosjektgjennomføring i det elektriske forsyningsanlegget vårt. Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere:

  • Planlegging og utføring av drift- og vedlikehald i heile forsyningsanlegget.
  • Vere med på og utføre inspeksjonar og revisjonar.
  • Ta del i feilsøking og testing.
  • Deltaking i vedlikehalds- og investeringsprosjekt.
  • Delta aktivt i forbetringsarbeid i avdelinga.

Kva tilbyr me?

  • Eit godt arbeidsmiljø med takhøgde, støtte og rause kollegaer.
  • Ei avdeling med høg fagleg kompetanse og dedikasjon.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Konkurransedyktige betingelsar.

Requirements

  • Du må ha fagbrev som energimontør.
  • Du må ha erfaring frå drift og vedlikehald av høgspentanlegg i industriverksemd.
  • Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Du må inneha førarkort for personbil.
  • Du må vere villig til å inngå i ei vaktordning.

Skills

EnergimontørfagetDrift og vedlikehald av høgspentanleggFeilsøking og testingProsjektgjennomføringHMS-forståingSamarbeid og kommunikasjon

Experience

mid-level

Similar Jobs