Sign in to auto-apply
Job Description
Sesongmedarbeider
Vil du jobba i Vestlandets største skisenter og vera med på å skapa gode opplevingar for gjestene våre? Då vil me gjerne jobba med deg!
Voss Resort søkjer etter sesongmedarbeidarar frå desember til april. Me ser etter deg som er engasjert, glad i folk, og som trivst med å vere i aktivitet – ute eller inne. Hjå oss blir du ein viktig del av laget som sørger for at gjestene våre får ei trygg, kjekk og minneverdig oppleving.
Du passar godt hjå oss om du er sjølvstendig, positiv, løysingsorientert og ikkje redd for å by på deg sjølv. Eit glimt i auga og godt humør tek deg langt!
Til vintersesongen 2026/2027 søkjer me personale til fylgjande stillingar:
- Heisførar / gondolførar, heiltid/deltid (over 18 år og norsktalande)
- Skipatrulje, deltid (relevant erfaring eller helsefagleg bakgrunn)
- Gjesteservice, heiltid/ deltid (resepsjon/ billettsal og norsktalende)
- Servicevert, deltid (passer for skuleungdom)
- Skiinstruktør/ skishop, heiltid/ deltid (skiinstruktører må ha norsk eller internasjonalt godkjent sertifisering, trinn 2 og oppover)
Me tilbyr ein sosial arbeidsplass i ein spanande og hektisk bransje, med uteglade kollegaer og mykje godt humør. Arbeidstida følgjer turnus og kan omfatta kveldar, helger og feriar.
Om Voss Resort:
Voss Resort er Vestlandets største skisenter, med 40 kilometer preparerte alpinløyper og 24 varierte nedfartar. Anlegget har to stolheisar, sju skitrekk og Vestlandets lengste gondolbane.
Requirements
- Du må vere engasjert, glad i folk og trivast med å vere i aktivitet.
- Du må vere sjølvstendig, positiv og løysingsorientert.
- For heisførar/gondolførar og gjesteservice er det krav om å vere norsktalande.
- For heisførar/gondolførar må du vere over 18 år.
- For skipatrulje krevst relevant erfaring eller helsefagleg bakgrunn.
- For skiinstruktørar krevst norsk eller internasjonalt godkjent sertifisering, trinn 2 og oppover.
Skills
Experience
entry-level, junior
