
Ledige stillingar for fagarbeidarar og assistentar i skule og SFO
Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik
Sign in to auto-apply
Job Description
Ledige stillingar for fagarbeidarar og assistentar i skule og SFO
Ulstein kommune har fire grunnskular. Ulsteinvik barneskule har ledige stillingar som fagarbeidar/assistent i skule- og SFO-tilbodet. Stillingane som er ledige no er faste stillingar.
Det kan også bli ledige stillingar på andre skular. Omfanget vil vere avhengig av eventuelle oppseiingar, permisjonar, interne overføringar og tildelte ressursar.
Vi arbeider for kjønnsmessig balanse i personalgruppa, og oppmodar difor menn om å søkje på stillingane.
Arbeidsoppgåver
- Hjelpe enkeltelevar og elevgrupper i skulekvardagen, både fagleg og sosialt, i undervisningssituasjonar, friminutt og på SFO
- Vere aktivt saman med elevane, og kunne organisere og sette i gong leik og aktivitetar med elevgrupper
- Bidra til å skape eit trygt og inkluderande fellesskap for elevane
- Samarbeide med føresette
- Samarbeide tett med lærarar, fagarbeidarar og leiinga ved skulen
Vi tilbyr
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Varierande og spennande arbeidsoppgåver
- Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Requirements
- Du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Du har erfaring frå arbeid i skulen eller anna arbeid med barn og unge.
- Søkjarar utan fagbrev med relevant praksis kan bli vurdert.
- Du må kunne legge fram politiattest av nyare dato.
Skills
RelasjonsbyggingBarn og unge-oppfølgingAktivitetsorganiseringSamarbeidsevnerKommunikasjonStrukturert arbeidsmetodikk
Experience
entry-level