Er du ein profesjonell vaksen som set læring og trivsel høgt i eit inkluderande felleskap?
Litlehagen 15, 5580 Ølen
Sign in to auto-apply
Job Description
Er du ein profesjonell vaksen som set læring og trivsel høgt i eit inkluderande felleskap?
Vil du vera med å skape eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevane våre? Me treng lærar i 100% fast stilling ved Ølen skule.
Kva får du jobba med hos oss?
- Ta ansvar for fag og klassar på mellomtrinn og/eller ungdomstrinn.
- Mogleg kontaktlæraransvar.
- Vera med å utvikle gode rutinar på sosial samhandling for klasse og enkeltelevar.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di (eigen mentor for nyutdanna).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk, samt konkurransedyktig kontaktlærartillegg.
Requirements
- Du må ha godkjent undervisningskompetanse.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg (nynorsk).
- Du må vera god på samarbeid både med barn og vaksne.
- Du må vera ein autoritativ, løysningsorientert og systematisk vaksen.
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
Skills
UndervisningKlasseromsledelseSosial samhandlingMatematikk (fagønske)Naturfag (fagønske)Kroppsøving (fagønske)Datakunnskaper
Experience
mid-level