Vil du jobbe i eit område der folk kjenner kvarandre, bustadmarknaden er aktiv og relasjonar betyr noko?
Eiendomsmegler 1 Sogn og Fjordane
Strandgata 45, 6905 Florø
Sign in to auto-apply
Job Description
Vil du jobbe i eit område der folk kjenner kvarandre, bustadmarknaden er aktiv og relasjonar betyr noko?
EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane hjelper kundar gjennom ei av dei viktigaste avgjerdene i livet. Med lokal kompetanse, lang erfaring og sterke fagmiljø er målet vårt enkelt: å vere den føretrekte eigedomsmeklaren i Sogn og Fjordane.
No ser vi etter ein autorisert eigedomsmeklar som vil vere med å vidareutvikle marknadsposisjonen vår i Florø og Kinn. Her får du jobbe tett på kundane i eit etablert lokalmiljø, samtidig som du får tilgang til eit fagmiljø med høg kompetanse og lang erfaring.
Arbeidsoppgåver
- Formidle bustader og nybygg i Florø og omegn
- Gjennomføre synfaringar, verdivurderingar, visingar og bodrundar
- Følgje opp kundehenvendingar og leads frå eigne og felles kanalar
- Følgje kundane gjennom heile salsprosessen
- Samarbeide tett med rådgivarar i SpareBank 1 Sogn og Fjordane
- Bidra til vidare vekst og synlegheit i marknaden
Kvifor velje oss
Som eigedomsmeklar hos oss får du ein sterk marknadsposisjon i ryggen. Vi tilbyr provisjonsbasert garantiløn og gode moglegheiter for høg inntening. Du får gode pensjons- og forsikringsordningar, funksjonærvilkår på banktenester og tilgang til banken sine hytter og leilegheiter.
Requirements
- Du må vere autorisert eigedomsmeklar.
- Du må vere relasjonssterk, målretta og tillitsvekkande.
- Du må kunne jobbe strukturert og ta ansvar for eigne resultat.
- Du må ha evne til å skape aktivitet i marknaden.
- Du må kunne framlegge gyldig politiattest før tilsetjing.
Skills
Salary
Provisjonsbasert garantiløn
Experience
mid-level