Autosøk
FINN-kode: logo

Daglig leder

FINN-kode:

Brynaskogen 9, 5705 Voss

Job Description

DAGLEG LEIAR – GJERALDSTVEIT MEKANISKE AS

54 år med historie. Kven skal leia oss dei neste 20?

Gjeraldstveit Mekaniske har arbeidd med stål gjennom to generasjonar. Sidan 1972 har me utvikla oss frå tradisjonelt stålarbeid til stålkonstruksjonar for samferdsel, energi, teknologi, produksjon og bygg.

No skal me vidare. Du har truleg ein god jobb alt. Bra. Me er ikkje ute etter nokon som berre treng ein ny. Me ser etter personen som skal ta ansvar for neste fase. Og me leitar ikkje etter ein klassisk administrator.

Helst er du ingeniør. Men endå viktigare: Du tenkjer som ein. Du forstår tekniske problemstillingar og ser samanhengen frå kalkyle og teikning til produksjon, montasje, kunde og botnlinje. Ei god teknisk løysing er ikkje nok. Den skal kunne produserast, leverast – og prosjektet skal tene pengar.

Som dagleg leiar får du det overordna ansvaret for drift, folk, økonomi, kundar, prosjekt og resultat. Du skal leie og vidareutvikle selskapet, sikre nye oppdrag, følgje opp større prosjekt, utvikle organisasjonen, prioritere kapasitet og sikre kvalitet og gode arbeidsprosessar.

Me ser helst at du har bakgrunn frå industri, bygg, konstruksjon, produksjon, entreprenørverksemd eller tekniske prosjektmiljø. Ingeniørutdanning innan bygg, konstruksjon, maskin, produksjon eller tilsvarande vil vere svært relevant.

Men vitnemålet åleine interesserer oss lite. Det er kva du har vist at du kan få til som tel. Du kan vere dagleg leiar i dag. Men du kan òg vere teknisk sjef, produksjonssjef, prosjektleiar eller avdelingsleiar – og vere klar for meir ansvar enn tittelen din gir deg.

Hos oss er avstanden mellom avgjerda di og konsekvensen kort. Du får mandat. Då får du òg konsekvensane. Det er meir krevjande. Det er heile poenget.

Me tilbyr reell påverknad, korte avgjerdsvegar, tett samarbeid med eigar og gode pensjons- og forsikringsvilkår.

Om Gjeraldstveit Mekaniske AS:
Gjeraldstveit Mekaniske AS har arbeidd med stål sidan 1972 og har gjennom to generasjonar utvikla seg frå tradisjonelt stålarbeid til ein moderne leverandør av stålkonstruksjonar og spesialløysingar. Selskapet har eigen ingeniørkompetanse og arbeider med prosjekt innan mellom anna samferdsel, kunst og kultur, energi, teknologi og produksjon, trapper og rekkverk og andre stålkonstruksjonar. Prosjektering, produksjon og montasje heng tett saman, med korte avstandar mellom dei som utviklar løysingane og dei som byggjer dei.

Requirements

  • Du har relevant utdanning som ingeniør innan bygg, konstruksjon, maskin, produksjon eller tilsvarande.
  • Du har solid bakgrunn frå industri, bygg, konstruksjon, produksjon, entreprenørverksemd eller tekniske prosjektmiljø.
  • Du har dokumentert erfaring med å leie drift, folk, økonomi og prosjekt med gode resultat.
  • Du evnar å forstå tekniske problemstillingar og sjå samanhengen frå kalkyle og teikning til ferdig levert produkt.
  • Du er klar for å ta det overordna ansvaret for å vidareutvikle organisasjonen og sikre nye oppdrag.

Skills

Dagleg leiingProsjektleiingØkonomistyringTeknisk forståingOrganisasjonsutviklingStrategisk planlegging

Experience

senior

Similar Jobs