Sign in to auto-apply
Job Description
Tilrettelagte tenester ved avdeling Bjørnefjorden Bufellesskap har ledig 100% fast stilling.
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til barn og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene for vaksne består av 9 bufellesskap og 2 dagsenter. Bjørnefjorden bufellesskap ligg nokre minutt i frå Os sentrum, og gjev tenester til 12 tenestemottakarar.
Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikra at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillinga. Stillinga er for tida i langvaktsturnus med arbeidshelg 4. kvar helg.
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i pasientnært turnusarbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnløn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell.
- Nyutdanna vernepleiar/sjukepleiar som har hatt stipendordning i Bjørnafjorden kommune, under utdanning, kan etter lokal ordning få tilbod om eingongsstipend på kr. 50.000,- ved oppstart i 100% fast stilling
Requirements
- Du må vere autorisert sjukepleiar eller vernepleiar, men søkjarar med sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på bachelornivå vil òg bli vurderte.
- Du må vere bevisst dine haldningar og prioritere verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
- Du må ha kjennskap til brukargruppa og gode personlege eigenskapar.
- Utlands utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir).
- Du må leggja fram politiattest ved tilsetjing.
Skills
Salary
Løn etter gjeldande avtalar med eit tillegg på kr. 25.000,- over garantilønnstabell for sjukepleiarar/vernepleiarar i turnus.
Experience
mid-level