Vil du vere med å forme framtidas kundetenester i NGIR?
Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
Sign in to auto-apply
Job Description
Vil du vere med å forme framtidas kundetenester i NGIR?
Kvar dag hjelper vi innbyggjarar og verksemder med å ta gode miljøval. For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg måte treng vi kundetenester som er effektive, framtidsretta og skapar gode opplevingar for dei som tek kontakt med oss. No søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert fagansvarleg kunderettleiing som vil vere med å styrkje og vidareutvikle kundetenestene våre.
Dette skal du jobbe med
Som fagansvarleg kunderettleiing får du ei sentral rolle i kontakten mellom NGIR og innbyggjarane i regionen. Du er ein viktig fagressurs i avdelinga og skal bidra til at kundane får rask, tydeleg og profesjonell hjelp, samstundes som du har ansvar for å sikre kvalitet, kompetansedeling og kontinuerleg utvikling av kunderettleiinga.
Rolla kombinerer operativ kundekontakt med fagleg ansvar. Du vil rettleie kundar på telefon, e-post, digitale kanalar og ved kundebesøk, men også vere pådrivar for gode rutinar, effektiv arbeidsflyt og einsarta kundehandsaming i tråd med lov og retningslinjer. Du vil støtte kollegaer i faglege spørsmål, bidra til å utvikle kompetansen i teamet og vere med på å identifisere og gjennomføre forbetringstiltak.
Kven er du?
Vi ser etter ein person som trivst i eit arbeidsmiljø der ein kombinerer struktur, fagleg kvalitet og gode relasjonar. Du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for å få oppgåver gjennomførte, samstundes som du set pris på samarbeid og kunnskapsdeling. Du har evne til å sjå heilskap, identifisere forbetringsmoglegheiter og omsetje idear til konkrete tiltak.
Som person er du serviceorientert og oppteken av å skape gode kundeopplevingar. Du kommuniserer tydeleg og tillitvekkjande, både med kundar, kollegaer og samarbeidspartnarar.
Kvifor velje NGIR?
Hos oss får du meir enn ein jobb – du blir ein del av eit selskap som arbeider for berekraftige løysingar og ei sirkulær framtid. Vi tilbyr:
- Ei sentral rolle med stor påverknad på utviklinga av kundetenestene våre.
- Varierte arbeidsdagar med kombinasjon av drift, utvikling og fagleg ansvar.
- Moglegheit til å forme rutinar, arbeidsprosessar og framtidige løysingar.
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
- Fagleg utvikling og høve til å setje retning innan ditt ansvarsområde.
- Ein arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag.
Requirements
- Du har relevant høgare utdanning på bachelor-nivå innan administrasjon, serviceleiing, offentleg forvaltning, kommunikasjon, marknadsføring eller tilsvarande fagområde.
- Du har erfaring frå kundeservice, kundedialog eller fagleg koordineringsarbeid.
- Du har god digital kompetanse og forståing for korleis digitale løysingar kan bidra til betre tenester.
- Du uttrykkjer deg godt både munnleg og skriftleg på nynorsk.
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig, identifisere forbetringsmoglegheiter og omsetje idear til konkrete tiltak.
Skills
Experience
mid-level