Sign in to auto-apply
Job Description
Vernepleiar/sjukepleiar
Er du typen som trivest når ingen dagar er like? Brenn du for å skapa meistring, ser moglegheiter framfor begrensningar og er trygg i rolla di? Då er det kanskje akkurat deg vi leitar etter.
2x100% stillingar i turnus - ledig frå snarast.
Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og Kuhnletunet bustader er eitt av våre ni bufellesskap. Kuhnletunet bustader er ikkje berre ein arbeidsplass, vi er ryggrada i kvardagen til ein herleg gjeng med ulike behov, draumar og personlegheitar. Vi leitar etter deg som er vernepleier eller sjukepleier, heilt inn i sjela, og som forstår at din profesjonalitet er nøkkelen til deira friheit.
Arbeidsoppgåver
Hos oss skal jobben handla om livskvalitet.
- Miljøterapi i særklasse: Du er ei viktig brikke i tenestemottakaren sitt liv og må rekne med primærkontaktansvar.
- Fagleg frontfigur: Du får ansvar for tiltaksplanar, legemiddelhandsaming, oppfølging av Hol kap. 9, og syta for, saman med dine kollegaer, for at vi alltid held høg kvalitet.
- Glede og meistring: Du legg til rette for meistring og aktivitet ut ifrå tenestemottakarane sine eigne premisser.
- Samarbeid: Du jobbar tett med alle våre samarbeidspartnarar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i pasientnært turnusarbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnløn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell.
Requirements
- Du må vere utdanna vernepleiar eller sjukepleiar.
- Du må kunne sjå mennesket før diagnosen og ha eit varmt hjarte.
- Du må vere ein lagspelar som bidreg positivt i personalgruppa.
- Du må vere trygg i rolla di og evne å tenkje utanfor boksen.
- Du må kunne leggje fram politiattest.
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av HK-dir.
Skills
Salary
Løn etter gjeldande avtalar med tillegg på kr. 25.000,- over garantilønnstabell for pasientnært turnusarbeid.
Experience
mid-level