Autosøk
Vil du leie eit av dei mest sentrale områda for digital arbeidsflate i spesialisthelsetenesta? logo

Avdelingsleiar sluttbrukerutstyr

Vil du leie eit av dei mest sentrale områda for digital arbeidsflate i spesialisthelsetenesta?

Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen

Job Description

Avdelingsleiar sluttbrukerutstyr

Vil du leie eit av dei mest sentrale områda for digital arbeidsflate i spesialisthelsetenesta? Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til sjukehusa i Helse Vest og bidreg til at helsepersonell har teknologi som støttar trygg og effektiv pasientbehandling. No søkjer vi ein erfaren leiar til stillinga som avdelingsleiar for Avdeling sluttbrukarutstyr.

Avdelinga har eit sentralt ansvar for å levere og forvalte standardisert IKT-sluttbrukarutstyr til medarbeidarane i helseføretaka, og for å vidareutvikle tenestene knytte til dette. Gjennom sikre, stabile og effektive tenester skal avdelinga bidra til at klinisk og administrativ verksemd har tilgang til moderne arbeidsverktøy som understøttar pasientbehandling og drift.

Arbeidsoppgåver

  • Leie, utvikle og forvalte avdelinga sine tenester i tråd med strategi, behov og prioriteringar i helsetenesta.
  • Sikre stabile, sikre og framtidsretta leveransar av IKT-sluttbrukarutstyr og lokal brukarstøtte ved sjukehuslokasjonane.
  • Omsetje strategiske mål til konkrete prioriteringar, planar og kapasitetsstyring for avdelinga.
  • Ha overordna ansvar for anskaffing, lagerstyring, livssyklusforvaltning og standardisering av sluttbrukarutstyr.
  • Sikre effektiv forvaltning av klient- og arbeidsflateplattformar, inkludert utrulling, standardisering og kontinuerleg modernisering.
  • Følgje opp tenestekvalitet, SLA-ar, risikostyring og kontinuerleg forbetring av tenestene.
  • Leie og utvikle underliggjande leiarar og sikre felles retning, struktur, prioriteringar og praksis på tvers av fagmiljø og geografiske lokasjonar.
  • Sikre godt samarbeid med helseføretak, kliniske miljø, plattform-, drifts- og sikkerheitsmiljø, samt eksterne leverandørar.
  • Ha overordna ansvar for økonomi, ressursstyring og personaloppfølging i avdelinga.

Vi tilbyr

  • Ei sentral leiarstilling der du får ei nøkkelrolle i å forme framtidas digitale helsetenester.
  • Gode moglegheiter til å påverke kva løysingar som blir utvikla og prioriterte i sjukehusa.
  • Ein unik sjanse til å byggje opp og vidareutvikle eit strategisk viktig område for Helse Vest IKT.
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø med høg kompetanse.
  • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.

Requirements

  • Du må ha høgare relevant utdanning, men relevant arbeidserfaring og personleg eignaheit kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Du må ha dokumentert leiarerfaring frå komplekse verksemder.
  • Du må ha kompetanse innan ITIL-prosessar, hendingshandtering, SLA-oppfølging og kontinuerleg forbetring.
  • Du må ha dokumentert evne til å byggje relasjonar, handtere ulike interessentar og skape samarbeid på tvers av organisasjonen.
  • Du må ha god forståing for informasjonssikkerheit, personvern og krav til trygg handtering av sluttbrukarutstyr.

Skills

ITIL-prosessarLeiarerfaringStrategisk leiingLivssyklusforvaltningInformasjonssikkerheitSLA-oppfølgingEndringleiingRessursstyring

Experience

senior

Similar Jobs